20. oktober 2013

Kanotur


Livredning

Første ekskursjon på B2 Friluftsliv var ein 3-dagars kanotur. 21 studentar og to lærarar starta frå Amlabukta i Kaupanger og padla til campen vår på Holm. Her skulle me overnatte i gapahuk i to netter. Me hadde fleire mål for turen. Eitt av dei var livredning i sjø. Øvinga gjekk ut på å redde ein person i vatn og å gjennomføre hjarte- og lungeredning på ei Anne-dukke etterpå. Situasjonen prøvde me å gjere mest mogleg verkelegheitsnær. Erfaringane har eg i ettertid fått reflektert grundig over, både gjennom pensumlesing og skriving av dette innlegget. Livredninga synest eg var eit viktig mål for turen, som er grunnen til at eg valte å skrive om dette.

Den praktiske oppgåva blei gjennomført i solskin, med fin temperatur både i sjø og luft. Oppgåva var som følger: dykk ned 2 meter, hent opp ein stein, sym ut til drukningsperson, frakt personen med deg til land med ein flytevest mellom, gå opp på land og start HLR på Anne-dukke. Dette gjekk bra å gjennomføre for dei fleste. Temperaturen i sjøen var såpass bra, at han for min del ikkje påverka symjeferdigheitene mine. Den einaste utfordringa var dykkinga; å skulle finne den rette steinen blant anna stein, tang og tare. Elles kjente eg meg sikker på prosedyren, då eg frå før har tatt livredningsprøve i basseng, i tillegg til ekstra HLR-øving dagen før utflukta.


HLR på Anne-dukke (Foto: S.M.A. 2013).

Øvinga i forkant gav gjennomføringa ein god flyt. Under treninga symde me i ullundertøy. Dette gjorde me av tre grunnar: for å halde varmen, oppleve at motstanden i vatnet er større med litt klede på enn berre badetøy, og for å gjere situasjonen mest mogleg lik ein livredningssituasjon. Ved eit slikt tilfelle rekk ein ikkje å tenke eller kle av seg stort før ein må handle, og fokus på drukningspersonen blir i større grad oppretthaldt (Augestad, 2011). Livredninga i sjøen gav i tillegg ein kroppsleg erfaring. Kroppsleggjort kunnskap, som Augestad (2011) skriv om i artikkelen sin med same tittel, er «en type kunnskap som sitter i kroppen når den først er lært» – ein form for taus kunnskap. For meg, gav heilskapen av dette eit stort læringsutbytte.

I tillegg har denne skriveprosessen fått meg til å sjå viktigheita med å reflektere over praktisk handling. Erfaringane eg har gjort meg har eg fått knytt opp mot pensum, og på denne måten gjort meg meir bevisst på oppgåva me utførte. I Augestad sin artikkel (2011) blir det spesielt fokusert på livreddaren sin sikkerheit. Nærkontakt med drukningspersonen bør omhyggjeleg unngåast. Ser ein ingen anna løysing enn å symje ut, er det svært viktig at livreddaren har med seg noko som kan skape distanse mellom seg og drukningspersonen. I vårt tilfelle, brukte me ein flytevest.


Flytevest som "den forlenga arm" (Foto: S.M.A. 2013).


(Foto: S.M.A. 2013).
Ein anna viktig ting Augestad tek opp ved trening på livredning, er at det kan «medføre kroppslige og emosjonelle reaksjoner». Kuldesjokk er nokså vanleg å få. Dette utdjupar viktigheita med å trene på livredning ute i all slags vær.

Å øve på livredning ute er ein god erfaring å ha, dersom ein nokon gong kjem opp i ein reell drukningssituasjon. Eg vil definitivt kjenne meg tryggare på kva eg skal gjere ved eit slikt tilfelle. Alt i alt har eg fått mykje lærdom, samstundes som eg har fått kjent på kroppen kor stor skilnaden er mellom øving i basseng og øving i ope vatn. Ikkje minst ser eg i større grad viktigheita ved å reflektere over det ein har opplevd og praktisert. Etter mi personlege meining, er øving på livredning i ope vatn, noko alle bør få erfaring med.



Kjelder
Augestad, T. (2011). Kroppsliggjort kunnskap og livredning i vann.