Livredning
Første ekskursjon på B2 Friluftsliv var ein 3-dagars
kanotur. 21 studentar og to lærarar starta frå Amlabukta i Kaupanger og padla
til campen vår på Holm. Her skulle me overnatte i gapahuk i to netter. Me hadde
fleire mål for turen. Eitt av dei var livredning i sjø. Øvinga gjekk ut på å
redde ein person i vatn og å gjennomføre hjarte- og lungeredning på ei Anne-dukke
etterpå. Situasjonen prøvde me å gjere mest mogleg verkelegheitsnær. Erfaringane
har eg i ettertid fått reflektert grundig over, både gjennom pensumlesing og
skriving av dette innlegget. Livredninga synest eg var eit viktig mål for
turen, som er grunnen til at eg valte å skrive om dette.
Den praktiske oppgåva blei gjennomført i solskin, med fin
temperatur både i sjø og luft. Oppgåva var som følger: dykk ned 2 meter, hent
opp ein stein, sym ut til drukningsperson, frakt personen med deg til land med
ein flytevest mellom, gå opp på land og start HLR på Anne-dukke. Dette gjekk
bra å gjennomføre for dei fleste. Temperaturen i sjøen var såpass bra, at han
for min del ikkje påverka symjeferdigheitene mine. Den einaste utfordringa var
dykkinga; å skulle finne den rette steinen blant anna stein, tang og tare.
Elles kjente eg meg sikker på prosedyren, då eg frå før har tatt livredningsprøve
i basseng, i tillegg til ekstra HLR-øving dagen før utflukta.
HLR på Anne-dukke (Foto: S.M.A. 2013). |
Øvinga i forkant gav gjennomføringa ein god flyt. Under
treninga symde me i ullundertøy. Dette gjorde me av tre grunnar: for å halde
varmen, oppleve at motstanden i vatnet er større med litt klede på enn berre
badetøy, og for å gjere situasjonen mest mogleg lik ein livredningssituasjon.
Ved eit slikt tilfelle rekk ein ikkje å tenke eller kle av seg stort før ein må
handle, og fokus på drukningspersonen blir i større grad oppretthaldt (Augestad,
2011). Livredninga i sjøen gav i tillegg ein kroppsleg erfaring. Kroppsleggjort
kunnskap, som Augestad (2011) skriv om i artikkelen sin med same tittel, er «en
type kunnskap som sitter i kroppen når den først er lært» – ein form for taus
kunnskap. For meg, gav heilskapen av dette eit stort læringsutbytte.
I tillegg har denne skriveprosessen fått meg til å sjå
viktigheita med å reflektere over praktisk handling. Erfaringane eg har gjort
meg har eg fått knytt opp mot pensum, og på denne måten gjort meg meir bevisst
på oppgåva me utførte. I Augestad sin artikkel (2011) blir det spesielt
fokusert på livreddaren sin sikkerheit. Nærkontakt med drukningspersonen bør
omhyggjeleg unngåast. Ser ein ingen anna løysing enn å symje ut, er det svært
viktig at livreddaren har med seg noko som kan skape distanse mellom seg og
drukningspersonen. I vårt tilfelle, brukte me ein flytevest.
(Foto: S.M.A. 2013). |
Å øve på livredning ute er ein god erfaring å ha, dersom ein
nokon gong kjem opp i ein reell drukningssituasjon. Eg vil definitivt kjenne
meg tryggare på kva eg skal gjere ved eit slikt tilfelle. Alt i alt har eg fått
mykje lærdom, samstundes som eg har fått kjent på kroppen kor stor skilnaden er
mellom øving i basseng og øving i ope vatn. Ikkje minst ser eg i større grad
viktigheita ved å reflektere over det ein har opplevd og praktisert. Etter mi
personlege meining, er øving på livredning i ope vatn, noko alle bør få
erfaring med.
Kjelder
Augestad, T. (2011). Kroppsliggjort
kunnskap og livredning i vann.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar