26. november 2013

Høgfjellstur

Dei alpine sonane

Ei veka etter kanoturen var sekken nok ein gang pakka og klar for tur. Denne gongen skulle me bli godt kjende med fjellheimen. Med seks middagar i sekken starta ferda frå Grinde i Leikanger. Frå fjord til fjell og fjord igjen. Dei tre første dagane var lagt opp av dei to rettleiarane våre. Etter dette starta eigenferda for kvar gruppe. Forutanom vandring og orientering, leiroppsett og telt, var målet for turen naturkjennskap; både innanfor geologi og flora. Turgruppa mi la opp til ei rute som førte oss gjennom dei tre alpine sonene som finst på snaufjellet.

Dei alpine sonene blir bestemt ut frå kva slags planter som veks i området. Snaufjellet er ein barsk stad for fjellplantene, med låge temperaturar og kort vekstsesong. Dei vanskelege levevilkåra har derfor ført til at plantene har utvikla spesielle eigenskapar (Kristoffersen, 2007). I den lågalpine sona veks til dømes Myrhatt (Comarum palustre).

Myrhatt (Photo Credit: Christina N. Almås via Compfight cc).

Denne fjellplanten er lett gjenkjenneleg, med sin høge og oppreiste stengel. Blada er små, avlange og grovtakka. Blomen er mørkeraud, med lengre utsikkande begerblad. Som dei fleste plantane på fjellet, er myrhatten lite næringskrevjande. Den er vanleg i fjellstrøk i heile landet, og veks i kantar av myr, vierkratt og andre fuktige stader. Comarum kjem av det greske ordet komaron, som er namnet på ein frukt som veks på eit jordbærtre. Fruktknuten på myrhattblomen liknar frukta på dette treet. Palustre tyder «som veks i myr». Myrhatt inneheld elles mykje garvestoff. Derfor er planten blitt brukt i folkemedisin til hjelp mot laus mage og sårbehandling (Kristoffersen, 2007).

Store og små steinar (Foto: S.M.A. 2013)
Høgare opp, mot den mellomalpine sona, ser ein at vegetasjonen blir meir og meir glissen. Framleis møter ein fleire av dei same plantene som i den lågalpine sona, men fråværet av blåbær, dvergbjørk og vierkratt er merkbart (Kristoffersen, 2007). I området me vandra i, la me ikkje berre merke til artsmangfaldet av planter og tre. Bergartar og ulike geologiske formasjonar/landskapsformer gjekk oss heller ikkje hus forbi. Blant anna såg med mykje av desse steinane:

Frostsprenging (Foto: S.M.A. 2013).


Området var dominert av spreidde steinblokker i ulike storleikar. Dette er eit resultat av istida, då breane fungerte som transportørar av steinar, ofte over lengre avstandar, for så å dumpe dei då isen forsvann (Ryvarden, 1995). Det spesielle med denne steinen, er at den har sprukke opp i fleire delar. Som kjent vil vatn utvide seg når det frys til is. Vatn trenger lett inn i sprekker, og ved gjentatte nedfrysingar og opptiningar oppstår det ei mekanisk forvitring eller frostsprenging, som gjer at stein og berg sprenger i stykker (Schou Jensen, 2006).

Kildemosen lyser opp (Foto: S.M.A. 2013).
Etter kvart som ein kjem lenger opp i høgda, blir det meir av is, steinar og berg. Blant alt det kvite og grå, er det eit kjærkomment syn når ein får auge på ei plante i det aude landskapet. Issoleie, snøsoleie og skredarve er døme på planter som trivst i den høgalpine sona (Kristoffersen, 2007). Me var dessverre ikkje så høgt oppe at me traff på denne planta. Det me derimot såg mykje av, var kildemosen (Pohlia wahlenbergii).

Denne er synleg nok i seg sjølv, der den dannar store matter som lyser opp med ein skarp, lys grøn farge. Mosen veks alltid i nærleiken av bekker og kildevatn (derav namnet), og viser kor ein kan finne vatn. Elles er den vatnavstøytande, noko ein kan sjå ved at det ligg store vassdropar oppå (Bjerknes Hamre, 2011).





Kjelder
Bjerknes Hamre, H. (2011). Fjellet. Cappelen Damm AS.
Kristoffersen, T. (2007). Det blomstrende fjellet. Bergen: Vigmostad og Bjørke AS.
Ryvarden, L. (1995). Det levende fjellet. Geologi, flora og fauna i norges fjellverden. N.W. Damm & Søn AS - Teknologisk forlag.
Schou Jensen, E. (2006). Bergarter og mineraler. N.W. Damm & Søn AS.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar