27. november 2013

Veiledartur

Bålkos

Kyllingspyd på bål (Foto: S.M.A. 2013).

Når ein går friluftslivsstudiet i Sogndal, treng ein sjølvsagt å få erfaring med å rettleie folk på tur. Nettopp dette var oppgåva til sisteårsstudentane, som fekk med seg både studentar frå første året idrett og andre året friluftsliv. Turen vår gjekk til Bjørkastølen i Kaupangerskogen. Her oppretta me leir for tre dagar. Me laga gapahuk, øvde på orientering, gjekk fjelltur, og hadde elles mykje bålbrenning. Dette var spesielt eit lyspunkt første dagen, då det regna og var overskya. Då var det godt å få fyr på eit bål, som både varma og var fint å sjå på. Det blei med andre ord ein tur med mykje bålkos, og ikkje minst god mat.


 Bål er likevel ikkje berre kos. Det er også eit lys i mørke. Ein varmekjelde. Ein «SOS-varslar». Bål gir mulegheita for å lage mat og er med på å skape god stemning. Med alt som eit bål bring med seg, er det gjerne kjekt å kunne nokre triks for korleis ein kan få fyr på eit godt og brennbart bål. Eit godt utgangspunkt er å finne tørr ved og never. Bjørkenever er godt å bruke i starten til opptenninga. Får du god fyr på neveren, kan du gradvis byrje å leggje på små til litt større kvistar og pinnar. Etter kvart som elden tar fatt, er det trygt å leggje større vedstykke på. Det som oftast går galt, er at ein fort blir overivirg så snart ein ser flammen, og kastar på for mykje ved. Då er det veldig viktig å vere tolmodig for å unngå å drepe flammane, men heller leggje på litt og litt til elden har fått så godt tak, at ein er sikker på at det ikkje sloknar.

Pagodebål - eit bål med god gjennomtrekk (Foto: S.M.A. 2013).
Eit bål er med andre ord avhengig av tre ting: luft, varme og brennstoff (Casucci og Martin, 2009). Kor mykje luft du slepp inn i midten av bålet, avheng av oppbygnaden. Varmen får du frå tørre fyrstikker. Det er derfor lurt å pakke fyrstikkeska i ein vass-sikker emballasje. Brennstoffet må også vere tørt, og er alt ifrå knusk og små kvistar til store kubbar. Opptenningsknusk er det alltid godt å ha eit lite lager av i lomma. Om du ikkje finn tørr knusk, som til dømes never, gras, døde furunåler eller treflis, kan du gni den våte knusken mellom fingrane, mot eit tørt bomullsplagg eller berre oppbevare den i lomma (merk: må vere av bomull). Tresort har også noko å seie. Døde tre er tørrare og lettare å få fyr på enn friske tre. Det beste er greiner over bakken. Elles brenn harde tresortar, som eik, lengst og best, medan furu brenn lett og raskt (Casucci og Martin, 2009).

"Og om lidt er kaffen klar.." (Foto: S.M.A. 2013).
Følgjer du denne «oppskrifta», trur eg du har eit godt utgangspunkt til å få til eit bra bål. Det som har vore utfordringa for meg, har gjerne vore ein kombinasjon av dårleg ved og sjølve oppbyggjinga av bålet. Den siste og beste erfaringa eg hadde, var rett og slett å tenne på masse knusk for deretter å mate på med stadig større kvistar og pinnar. På denne måten kan ein også lettare justere bålet i høve flammane; etter kor dei tar best fatt (Bursell, 2004). I tillegg er det viktig å ha laga ferdig ein del ved før ein tenner opp. Då har du betre kontroll på opptenninga, og slepp å springe rundt for å finne meir ved samstundes som du skal passe på bålet. Dess dårlegare vær, dess viktigare er det å organisere opptenninga (Bursell, 2004). Når bålet omsider har fått god fyr, vil det meste brenne.

Oppsummert krev eit godt bål omsorg, kjærleik og ein «liten smule» tolmod. Vil du ha glede av bålet ei stund, må du vite å ta vare på det. På denne turen fungerte bålet i hovudsak som eit samlingspunkt for gruppa. Ein stad for varme, matlaging, prat og hygge. Denne turen var akkurat slik eg ønska den skulle vere, og for meg er det nettopp slike turar eg forbind med friluftsliv.


Å bare stirre inn i bålet.. (Foto: S.M.A. 2013).



Kjelder
Bursell, J. (2004). Friluftsliv – under åpen himmel året rundt. Oslo: Landbruksforlaget.
Casucci, C. og Martin, S. (2009). Hvordan overleve i skogen. Oslo: Cappelen Damm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar