27. november 2013

Skogstur


Gyllent haustlys på enga (Foto: S.M.A. 2013).

Sporlaus ferdsel

Siste ekskursjon før juleferien var den eg hadde gleda meg mest til. Målet var å få erfaring med skogfriluftslivet gjennom aktivitetar, matlaging, overnatting og framfor alt, trivsel. I førre innlegg skreiv eg om bålfyring. Dette innlegget blir ein slags vidareføring på temaet. Når ein oppheld seg i naturen over lengre tid, legg ein frå seg spor. Desse spora er viktige å skjule med tanke på å ta vare på naturen. På fagspråket kallar ein det for «sporlaus ferdsel».

Ta til dømes bålplassen. Før ein set i gang med å byggje bålet, bør ein lage ei bålgrop. Det gjer ein ved å skjære ut ønskeleg storleik, enten med ein kniv eller stikkspade, for så å fjerne det øverste torvlaget. I tillegg er det lurt å dekke til kantane med stein, for å beskytte gras og lyng rundt. Når ein så skal forlate leirplassen, kan ein enkelt dekke over bålgropa med torvlaget ein skar vekk, og slik gjere opphaldet ditt på denne staden mindre synleg for andre, som seinare kan komme til å ferdast i same område.

Utgraving av bålgrop (Foto: S.M.A. 2013).
Ein god turregel er å forlate ein stad slik du sjølv ønskjer å finne den. Har ein fyrt bål, må det sjølvsagt slukkast først. Etterpå skrapar ein vekk glør og utbrent ved, som ein enten grev ned eller spreier i terrenget. Det same gjer ein med steinane. Deretter kan torva leggjast tilbake (Bursell, 2004). Synlege gliper fyllest med jord. Målet er å fjerne bålsporet som best ein kan. Bålplassar som ofte blir brukt er det ikkje nødvendig å rive ned. Deira funksjon er å styre folk til denne staden, slik at det blir mindre slitasje i områda rundt. Alt ikkje-brennbart materiale skal sjølvsagt tas med og kastast i søppelbøtta (Bursell, 2004).

Gammal bålplass (Foto: S.M.A. 2013).
Ein er sjølv ansvarleg for alt ein tar med seg inn i naturen og som ikkje høyrer heime der. Det gjeld ikkje berre bålplassen. Gapahuken må også rivast, og materiale som er blitt brukt her, ber eller kastar ein vekk over eit større område. I Noreg opererer ein med allemannsretten, noko som gir oss stor fridom til å ferde over nesten heile landet. Friluftslova av 1957 gir alle rett til fri ferdsel i utmark (Lovdata, 2013). Dette fører midlertidig med seg plikter, som gjer at du må ferdast skånsamt og opptre omsynsfullt og varsamt. Til saman fremjar desse lov- og vernebestemmelsane intensjonane om sporlaus ferdsel (Bischoff og Mytting, 2008).

Bevaring av naturen er noko som gjeld oss alle. Ved å ferda sporlaust tar ein ikkje berre omsyn til naturen og det som lev i den. Omsynet ligg også i høve grunneigarar som lev av naturen, og andre turgåarar som brukar området. Med dette er ein med på å bringe vidare ein ferdselskultur som har eksistert gjennom generasjonar. Denne kunnskapen er derfor viktig å både etterfølgje og dele.


Kjelder
Bischoff, A. og Mytting, I. (2008). Friluftsliv. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS.
Bursell, J. (2004). Friluftsliv – under åpen himmel året rundt. Oslo: Landbruksforlaget.

Friluftsloven – fril. (1957). Lov om friluftslivet (friluftsloven) av 1. juli 1957. Henta 27. november 2013, frå Lovdata http://lovdata.no/dokument/NL/lov/1957-06-28-16

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar