27. november 2013

Bretur



Utsikt frå Nigardsbreen og mot parkeringsplassen (Foto: S.M.A. 2013).

Innbinding

Så var det igjen klart for tur, med brevandring på Jostedalsbreen. Måla for turen var i hovudsak taulagsvandring, rørsleteknikk og redning på bre. Før me i det heile tatt kunne komme oss på breen, måtte me lære å binde oss inn i taulag. Isøks, stegjern, hjelm, selar, tau, slynger og karabinarar var fast inventar i sekken, og naudsynt utstyr for å kunne ferdast sikkert på blåisen. Etter kvart innarbeida taulaga gode rutinar før «innsjekk» på breen. Det er jo sjølvsagt; har ein først komme seg til ein bre, vil ein jo helst ha litt tid på den også.

Innbindingstauet dobbelt gjennom bretauet gav god sikring (Foto: S.M.A. 2013).
Det første som skjedde ved inngangen til breen var å ta på seg alt utstyr. Me brukte både sitje- og brystsele, som me knyta saman ved hjelp av eit innbindingstau. På sjølve bretauet (hovudtauet) laga me ein dobbel åttetalsknute slik at det blei danna ei løkke. Her tredde me gjennom innbindingstauet, slo ein overhandsknute, tredde på ny gjennom den eine enden av innbindingstauet, og avslutta med å knytte begge endane saman ved hjelp av ein dobbel fiskeknute. Under åttetalsknuten brukte me klemknuter. Avhengig av kor du knyta deg inn i taulaget, blei desse festa enten til tauet som leia framover eller bakover, eller om du stod i midten; både fram og bak. Ankerfestet på klemknuta var i ein skrukarabin i sitjeselen. Då alle hadde bunde seg inn, blei det gjennomført kameratsjekk på samtlege i taulaget.

Klar for breen! (Foto: S.M.A. 2013).

Som nevnt, brukte me ein kombinasjon av sitje- og brystsele for å binde oss inn i taulaget. Ein kan også bruke ein kroppssele, som er ein meir samanhengande sele. Det dei har til felles er at ein får to festepunkt til innbindingstauet. Dersom ein fell, vil det høge innbindingspunktet på bryst- eller kroppsselen bidra til å halde kroppen meir oppreist enn kva ein sitjesele aleine ville greidd, i følgje Haslene (2011). Han skriv vidare at ved å tre innbindingstauet dobbelt gjennom løkka på åttetalsknuten, unngår ein at selen strupast saman dersom ein blir hengjande i tauet.

For kvar dag på breen blei taulaget betre på innbindingsrutinane. Den eine dagen øvde me til dømes på redning. Då fekk me erfart kor godt alt hang saman, med både selar og tau. Likevel, eg var glad eg hadde tre andre i ryggen då eg stod som nummer to og skulle dra opp den fremste frå sprekken. Hadde det vore eit skikkeleg fall, hadde eg nok kjent meir på rykket og kanskje til og med blitt dratt over ende. Haslene (2011) problematiserar bruken av kombinasjonssele og sitjesele aleine. Dersom ein går i eit mindre taulag enn det me gjorde, kan det vere eit større poeng å bruke berre sitjesele. Ein bør likevel ta i betraktning risikoen for å bli hengjande opp ned i eit fall, dersom ein vel dette alternativet, utdjupar Haslene (2011).

I byrjinga var det ein del å hugse på når det gjaldt knutar og rekkjefølgje på ting. Fem dagar på og av breen gjorde sitt for å endre på dette førsteinntrykket. Nå sit det meir i fingrane. Då seier det seg kanskje sjølv, at det er lettare å vise og forklare, enn å skrive og fortelje..



Kjelder
Haslene, S. (2011). Breboka. Håndbok i brevandring. Oslo: DNT fjellsport.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar