8. mai 2014

Nordisk ferdsel


Orientering på vinterfjellet


Korleis orienterar du deg når sikta er slik? (Foto: S.M.A. 2014).

Orientering ute i naturen tar tid å lære seg. Under fine forhold og utan snø, kan det likevel vere krevjande nok og vite til ein kvar tid kor du er på kartet. På skitur om vinteren har landskapet endra seg betrakteleg, og toppar og dalsøkk er blitt meir avrunda og dekka til. Ledelinjer som elveleier er ikkje like tydelege, då dei kan vere heilt eller delvis skjult av snøen. Desto viktigare blir det å meistre kart og kompass.

Med dårleg sikt og mykje vind, gjekk store delar av turen føre seg i «whiteout». Under desse forholda la me mykje tillit til kompasset. For kvar etappe tok alle i turgruppa ut kompasskurs. Under forflyttinga gjekk me på ei lang rekke etter teltlaginndelinga. Fremste teltlag hadde ansvaret for leiinga, der førstemann gjekk etter styringa frå andre- og tredjemann. Undervegs rulerte me slik at første teltlag gjekk ut av rekka, lot resten passere forbi, for så å leggje seg bakerst.

Kompasset - vår beste ven (Foto: S.M.A. 2014).
Når ein skal orientere, er kartet det viktigaste reiskapet ein har (Horgen, 2010). Under dårlege vêrforhold må ein i tillegg ta i bruk kompasset. Horgen (2010) anbefaler då å ta ut ein kompasskurs, eller marsjretning, som kan fungere som ei ledelinje frå haldepunkt til haldepunkt. For å lettare halde denne kursen kan ein finne seg eit «fastpunkt» (t.d. buskar eller steinar). Når kursen skal bli satt, bør fleire i gruppa ta del for å sikre at den blir rett. Gradtalet må einigast før alle stiller kompasset sitt til same kurs. I tillegg er det viktig å ikkje gå for lange strekker på same kurs, då faren for avvik blir større (Horgen, 2010). Med støtte i kartet, som ein har studert i forkant, kan ein gjere seg opp forventningar om tid, høgdemeter og avstand, som kan hjelpe deg å ha kontroll på kor langt du har kome.

Å gå på kompasskurs var slitsamt. Den eine gongen eg gjekk fremst, blei eg stadig retta på av dei to andre i teltlaget mitt; «Eitt skritt venstre!» og «To skritt venstre!». Det var fleire av oss som hadde ein tendens til å dreie for mykje mot høgre. Av den grunn var det særs viktig å gi hyppig tilbakemelding til den som gjekk først, for å ikkje hamne for mykje ute av kurs. Me prøvde alltid å ta ut kurs til noko me kunne finne att i det verkelege terrenget, til dømes ei hytte. I tillegg til kompasset, støtta me oss også på GPS, for å vere ennå sikrare på kor me fann oss.

Sola prøver å bryte gjennom skylaget (Foto: S.M.A. 2014).
Kartet er, som Horgen (2010) skildrar det: «et forminsket bilde av terrenget, sett ovenifra» (s. 174). God kartkonktakt er spesielt viktig for å finne sikkert fram, men når ein ikkje har sikta med seg, må ein ta i bruk andre hjelpemiddel. Eg tar ofte for gitt det gode vêret på tur – då er det lett(are) å sjå kor ein er og eg er ikkje alltid like opptatt av å ta i bruk kartet (på turar utanom skulen). Det er sjølvsagt då ein har dei beste forholda til å øve på kartlesing og kompassbruk. Vêrforholda på Hemsedalsfjellet ville eg likevel/derfor ikkje vore utan, for er det noko eg har lært, er det i dårleg vêr god læring ligg.



Kjelder
Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget AS.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar