9. mai 2014

Topptur i Vigdalen




Vurdering av skredfarleg terreng 
På veg opp (Foto: S.M.A. 2014).

På topptur går du gjerne i brattare terreng enn kva du ville gjort med vanlege turski. Likefullt skal ein ha respekt for vinterfjellet og vere bevisst terrenget ein går i, for å unngå mulege skredutsette områder – uavhengig av skiutstyr. Som alltid når ein skal på tur, må ein lage ein turplan. Werner Munter sin 3x3 filtervurderingsmodell er spesielt god å bruke for planlegging av skiturar. Ferdsel på vinterfjellet inneheld fleire alpine farar som har innverknad på korleis turen blir. Det er derfor viktig å vere observant og gjere vurderingar i forkant og undervegs av ein tur, slik at ein kan ivareta tryggleiken.

Kjennskap til turen skaffar ein seg i første omgang heime. Me henta mellom anna inn informasjon om skredfaren, vêret og (ikkje minst) kartet, kor me markerte ruta me ville gå. Då me kom fram til Vigdalen, kor me kunne sjå terrenget føre oss, gjorde me nye vurderingar som endra rutevalet vårt. Der me i førstninga hadde tenkt å gå var det bratt og litt småkupert terreng (dette kan ein ikkje alltid lese ut frå eit 1:50 000 kart). Me måtte heile vegen gjere vurderingar i høve terrenget, då vinden hadde laga skavlar og søkk i snøen. Elles var terrenget nokså oversiktleg – bare sikta blei litt dårleg mot slutten av oppstiginga, og lyset flata ut.

Som rettleiar i friluftsliv, må ein heile tida vere i stand til å gjere vakne vegval for å unngå å hamne i skredfarlege situasjonar (Horgen, 2010). Tabellen til Munter (Nes, 2013) er i hovudsak til hjelp for å vurdere skredfaren, og tar med det utgangspunkt i tre filter og tre kriterium.

3x3-modellen (Munter, i Nes, 2013, s. 71).
Turen startar alltid heime – med den regionale områdevurderinga. Sider og skråningar som er brattare enn 30 grader bør unngåast, då dette er mulege snøskredområder. Desse finn ein ved å måle avstanden mellom høgdekotene. Er det mindre enn ein millimeter avstand, kan terrenget vere 30 grader bratt eller meir (Horgen, 2010). Den lokale vurderinga føregår kontinuerleg undervegs på turen. Ein har då mulegheita til å etterprøve dei regionale vurderingane i høve terrenget. Vurdering av enkeltheng (zonal vurdering) bør gjerast på trygg avstand, så ein ikkje eksponerer seg sjølv og gruppa for skredfare. Hellingsvinkelen på fjellsida måler du enklast med eit klinometer (Horgen, 2010).

Brattheitsmåling (Horgen, 2010, s. 211).
På tidlegare toppturar i vinter har me vore gjennom ulike målemetodar; med bruk av skistavar, kompass og på kartet. Sjølv om me målte på kartet i turplanlegginga, var det enkelte sider kor eg tok meg sjølv i å lure på kor bratt det eigentleg var. Det vekslande vêret i dagane før hadde i tillegg lagt snøen annleis enn venta. Slike observasjonar kunne eg gjere på bakgrunn av den regionale vurderinga i turplanlegginga. Det gjorde meg merksam på forholda og kva eg måtte sjå etter.

Kor mange grader helling er det her? (Foto: S.M.A. 2014).


Ein uerfaren toppturgåar som meg sjølv, legg mykje tillit til dei andre meir erfarne i gruppa. Sjølvsagt kan ein ikkje stå midt i eit heng og byrje å vurdere brattheita – då er det for seint – men ein skapar samstundes ei bevisstheit rundt situasjonen ved å gjere seg slike tankar. Det handlar om øving og erfaring. Gå mykje tur, mål brattheita, og til slutt vil auga ditt vere godt trena for å sjå kor bratt det omtrentleg er.





Kjelder
Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget AS.
Nes, C. L. (2013). Skikompis. Snøskred og trygg ferdsel. Førde: Selja Forlag.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar