10. mai 2014

Eigenferd



Ein solid lemur rundt vår første leirplass - men er plasseringa god? (Foto: S.M.A. 2014).

Telt i ly og le

Overnatting på vinterfjellet handlar mykje om å finne ein god leirplass. Allereie i turplanlegginga er det lurt å markere ein potensiell stad. Den ideelle teltleiren bør vere i ly for nedbør og i le for vind. Vêret til fjells endrar seg raskt og det kan av og til vere vanskeleg å avgjere kva faktorar som er viktigast når du set opp teltet. Då er det godt å ha litt kunnskap om det å etablere ein teltleir vinterstid.

Snøen har samla seg der den skal (Foto: S.M.A. 2014).
Vinteren innbyr til meir utrivelege forhold enn dei andre årstidene, og ein ønsker derfor å få etablert leir raskt. I turplanen vår hadde me skrive ned kartkoordinatar for mulege leirplassar. Etter å ha vore ein del på tur, veit me at enkelte justeringar av og til må gjerast, då terrenget ser annleis ut i røynda. Me sette alltid opp teltet i forhold til vindretninga, med inngangen lengst vekk. I tillegg bygde me lemur i kortenden av teltet som var nærast vinden.

 «En ideel teltleir i vinterfjellet ligger lavt i terrenget, naturlig i le av omkringliggende høydedrag som «tar av» for vind i flere retninger», skriv Horgen (2010, s. 244). Det vil ofte vere kaldare lågt i terrenget, til dømes i eit dalføre, og ein bør derfor ta ei avgjerd ut frå kva som er viktigast der og då. Kortsida av teltet bør settast opp mot vinden, med hovudinngangen vekk. Deretter bygger ein (1, 5 – 2 meter unna teltveggen) ein levegg av snøblokker i ein halvsirkel rundt teltet. Dette gjer at det blir skapt turbulens mellom vegg og telt, slik at snøen vil leggje seg her og ikkje oppå teltet (Horgen, 2010). Likevel er ikkje alltid det tilfellet.

Teltet er godt stramma opp med stavar og ski (Foto: S.M.A. 2014).
Vêret er i høgste grad uforutsigbart i fjellet. Mykje variert vêr og vind gjorde det enkelte ganger vanskeleg å vite om plasseringa var god. Skulle me sette teltet opp mot den dåverande framherskande vindretninga, eller den som var venta i løpet av natta i følgje vêrvarslinga? Kor sterk ville i så fall den vinden bli? Ved meir enn eitt tilfelle, måtte me opp om natta og bygge på lemuren og stramme opp teltet. I følgje Horgen, er det under slike forhold bare ein ting å gjere: «komme seg ut av posen og begynne å grave» (Horgen, 2010, s. 245).

Ein leirplass det er investert mykje tid og krefter i, er gull verdt. Fleire av stadene me enda opp på, kunne med fordel ha blitt valt med meir omhug, med tanke på naturleg le. Det er framfor alt viktig å tenke på tryggleiken i høve skredfarleg terreng og utløpsområder. Når alt kjem til alt, må ein sjølv avgjere kva ein meiner er dei viktigaste faktorane ein må ta omsyn til. Ein ting er i alle fall sikkert: Det ligg mykje læring i det å etablere teltleir i dårleg vêr.


Kjelder
Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget AS.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar