«En om gangen – vent på trygt sted»
(Brattlien, 2012, s. 81).
Vårsnø blir rekna som den tryggaste snøen, då skredfaren som
regel er mindre enn tidlegare på vinteren (Brattlien, 2012). Likevel skal ein
ikkje undervurdera risikoen ved å køyre ned ei bratt fjellside.
Avlastningsavstand eller sikkerheitsavstand anbefalast på skredutsette område, både
ved opp- og nedstigning. Dette gjeld spesielt i heng og terreng ved 30 grader
eller meir. Denne ferdselsvana har me praktisert allereie frå første topptur i
vinter.
Ulike løysingar på ruteval (Foto: S.M.A. 2014). |
På turen opp til Store Ringstind blei det prata om
nedkøyringsalternativ. Det er viktig allereie då å tenke på kor ein skal ta seg
ned igjen. Då får ein sett fjellsidene frå ein anna vinkel, samstundes som
snødekket blir vurdert. Det er altså verdfull informasjon ein kan få med seg på
veg opp, som ein brukar i avgjerslene om kor ein skal køyre på veg ned.
Klar for nedkøyring (Foto: S.M.A. 2014). |
Uavhengig av skredvurderinga, er det viktig å ha gode
ferdselsvanar og køyremønster. Avlastningsavstanda varierer etter forholda, men
bør vere på minimum 10 meter. Dette er for å minimere belastninga på henget og minske
konsekvensen ved eit skred. Avstanden bør ikkje vere så stor at ein mistar
turkameraten sin av syne (Nes, 2013). Av den grunn bør stoppestaden avtalast i
forkant.
Me køyrte alltid med litt avstand frå ein annan, men
spesielt der sida var brei og bratt venta me i tur og orden til den framføre
hadde kome seg trygt ned. Alle var innforståtte med kor det var trygt å køyre
og stadene ein skulle vente på. Stoppestadane var oversiktlege, både for den
som stod nede og den som stod oppe og venta. Me heldt på denne måten godt auge
med kvarandre til ei kvar tid.
Vurderer fjellsida og kor ein kan køyre ned (Foto: S.M.A. 2014). |
God kommunikasjon og avklaringar i forkant er med på å setje
tryggleiken for turen. At alle er med på «køyrereglane» gjer også opplegget
meir «ryddig». Skulle det då utløysast eit skred og ein bli tatt, ville
redninga ikkje vere langt unna dersom ein held seg til desse reglane. Ein bør
alltid tenke konsekvensar for å redusere risikoen når ein bevegar seg i snødekt
terreng.
Kjelder
Brattlien, K. (2012). Den
lille snøskredboka. 3. utgåve. Oslo: Fri flyt AS.
Nes, C. L. (2013). Skikompis.
Snøskred og trygg ferdsel. Førde: Selja Forlag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar