14. mai 2014

Toppturar i Hurrungane



«En om gangen – vent på trygt sted»
(Brattlien, 2012, s. 81).

Vårsnø blir rekna som den tryggaste snøen, då skredfaren som regel er mindre enn tidlegare på vinteren (Brattlien, 2012). Likevel skal ein ikkje undervurdera risikoen ved å køyre ned ei bratt fjellside. Avlastningsavstand eller sikkerheitsavstand anbefalast på skredutsette område, både ved opp- og nedstigning. Dette gjeld spesielt i heng og terreng ved 30 grader eller meir. Denne ferdselsvana har me praktisert allereie frå første topptur i vinter.

Ulike løysingar på ruteval (Foto: S.M.A. 2014).
På turen opp til Store Ringstind blei det prata om nedkøyringsalternativ. Det er viktig allereie då å tenke på kor ein skal ta seg ned igjen. Då får ein sett fjellsidene frå ein anna vinkel, samstundes som snødekket blir vurdert. Det er altså verdfull informasjon ein kan få med seg på veg opp, som ein brukar i avgjerslene om kor ein skal køyre på veg ned.


Klar for nedkøyring (Foto: S.M.A. 2014).
Uavhengig av skredvurderinga, er det viktig å ha gode ferdselsvanar og køyremønster. Avlastningsavstanda varierer etter forholda, men bør vere på minimum 10 meter. Dette er for å minimere belastninga på henget og minske konsekvensen ved eit skred. Avstanden bør ikkje vere så stor at ein mistar turkameraten sin av syne (Nes, 2013). Av den grunn bør stoppestaden avtalast i forkant.

Me køyrte alltid med litt avstand frå ein annan, men spesielt der sida var brei og bratt venta me i tur og orden til den framføre hadde kome seg trygt ned. Alle var innforståtte med kor det var trygt å køyre og stadene ein skulle vente på. Stoppestadane var oversiktlege, både for den som stod nede og den som stod oppe og venta. Me heldt på denne måten godt auge med kvarandre til ei kvar tid.

Vurderer fjellsida og kor ein kan køyre ned (Foto: S.M.A. 2014).
God kommunikasjon og avklaringar i forkant er med på å setje tryggleiken for turen. At alle er med på «køyrereglane» gjer også opplegget meir «ryddig». Skulle det då utløysast eit skred og ein bli tatt, ville redninga ikkje vere langt unna dersom ein held seg til desse reglane. Ein bør alltid tenke konsekvensar for å redusere risikoen når ein bevegar seg i snødekt terreng.







Kjelder
Brattlien, K. (2012). Den lille snøskredboka. 3. utgåve. Oslo: Fri flyt AS.
Nes, C. L. (2013). Skikompis. Snøskred og trygg ferdsel. Førde: Selja Forlag.